Kommunestyret er det øvste organet i kommunen jf. kommunelova § 5-3. Kommunestyret har eit særskilt ansvar for den heilskaplege styringa av kommunen og som øvste plan- og budsjettorgan er det viktig å gjere ei rettvis fordeling mellom ulike interesser og prioritere innafor den samla ressursramma som kommunen rår over.
Kommunestyret kan delegere mynde til å treffe vedtak, til andre folkevalde organ, ordførar eller kommunedirektøren (rådmann) innanfor rammene gjeve av kommunelova eller andre lover. Delegering skal handsamast i kommunestyret der endeleg vedtak vert gjort.
Laster...