Bakgrunn
Jf. arkivforskrifta § 4 skal; «Alle offentlige organ til ei kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal og vise kva slags instruksar, reglar, planar mv. som gjeld for arkivarbeidet. Den øvste leiinga i organet må sjå til at arkivarbeidet blir omfatta av organets internkontroll». I Alver kommune er dette ansvaret lagt til rådmannen jf. kommunelova § 25-1, 1 avsnitt 2. ledd.
Minstekrava til innhald i arkivplanen er fastsett i Riksarkivarens forskrift § 1-1.
Formål
Formålet med arkivplanen er at den skal vere eit supplement til Vindafjord kommune sitt kvalitetssystem for det som gjeld for arkiv og dokumenthandtering, og er soleis eit viktig internt styringsverktøy og arbeidsreiskap i forvaltninga.
Arkivplanen viser kva arkiv- og dokumentforvaltninga i kommunen omfattar, korleis den er organisert og den gjev bindande retningsliner for handsaming av all arkivverdig dokumentasjon i Vindafjord kommune. Vindafjord kommune sin arkivplan skal vere kjelde til informasjon og dokumentasjon av gjeldande rutiner for handsaming, danning og bevaring av dokumentasjon i forvaltninga, for alle fagområde.
Alle tilsette i kommunen pliktar å halda seg orientert om arkivplanen sitt innhald, og å følgje dei retningsliner og rutiner som planen inneheld.
Fagansvarleg arkiv har eit overordna fagleg ansvar for kommunen si arkiv- og dokumentforvaltning.
Offentlege organ er pliktig å halde arkiv, jf. Arkivlova § 6. Kommunale arkiv er forvaltninga sin "hukommelse", og gjev samstundes innbyggjarane innsyn i forvaltninga gjennom innsynsløysinga på internett, og er i tillegg kjelder til innbyggjarane sin rettighetsdokumentasjon.
Laster...